Illustrasjonsbilde

Forske og publisere

Forske og publisere English flag

Universitetsbiblioteket tilbyr eit breitt utval av støttetenester som er særleg utvikla for forskarar på institusjonen. Desse tenestene kjem i tillegg til dei generelle bibliotektenestene knytte til å finne faglitteratur, bruk av referanseverktøy og tilgang til databasar.

Ambisjonen vår er å tilby støtte til forskarane på alle trinn i forskingsarbeidet, frå idéfasen, prosjektskildring og søknad, til gjennomføring av forskinga og tilgjengeleggjering og arkivering av forskingsresultata.

Døme på spesialiserte tenester:

  • Utvikling av databehandlingsplanar
  • Forvalting av forskningsdata
  • Støtte til open access-publisering
  • Korleis oppfylle finansiørane sine krav til OA-publisering og arkivering av forskingsdata
  • Litteraturkartlegging og systematiske søk
  • Støtte til å gjera forskinga di meir synleg
  • Råd til å velja, tolka og kontekstualisera forskingsindikatorar

Sjå boksane som er lenkja nedanfor for meir informasjon.

Har du spørsmål eller ønskjer å bli kontakta om tenestene våre, kontakt din fagansvarleg eller kontakt biblioteket her.


Sist endret: 04.09.2026
chat loading...